EREVIKNESET TOMTEFORMIDLING AS

Forside

Kart

Beliggenhet

Bumiljø

Båtplassar

Turstiar

Grendalag

Kontakt

Bilder

 

 

Erevikneset ligg i naturskjønne omgivingar i Erevik på Bømlo, ca 6 km frå Svortland. 

Det er 16 tomtar i feltet som ligg rundt neset. Det vil sei at alle tomtane får utsikt mot sjøen. Ingen hus behøver å ha nokon framfor seg. Tomtene er og solrike og ligg i eit flott naturområde.

Vegtraseen går framom Erevik grendatun og opp i neset. Langs sjøen er det løa stein. Autovern er satt opp og veien er asfaltert. Ørjansen Maskin som er entrepenør har gjort ein god jobb med anleggsarbeidet opp til Erevikneset. 

Det er lagt ut 16 tomtar for sal. ( Klikk deg inn på kartsida for å sjå kva tomtar som er ledig ) Tre hus er allereie komen opp og er innflytta. Dei første flytta inn i april 2004. 

Til saman er det 17 gatelys i feltet. Veg, vatn, strøm, kloakk og asfaltering er med i tomteprisane. Det er lagd stikk inn til tomtane som vi knyter oss til.

Dei som kjøper tomtar kan få teikna husa slik dei vil ha dei, innanfor dei krav som blir sett frå husbyggjar av feltet, som er Idealhus.

Det blir ikkje satt som noko krav at det skal vera hus frå Idealhus / Nordbohus sine katalogar, men dei er vald til å få byggja husa i feltet.

Det blir satt visse krav til tak, høgde o.l, men me står veldig fritt i å velja korleis husa våre skal sjå ut elles.  

Det vil blir på sikt bli lagd leikeplass for barna. Elles er her eit flott turområde med mange leikemogeligheiter i og utfor feltet for både barn og voksne.

Det vil på sikt bli lagt ut flytebrygger i vågen framfor Erevik grendatun kor dei interesserte tomtekjøparane kan få båtplass. Me prøver og å finna ei løysing for nausttomtar langs neset.